– Vi sprang frå dobesøk til mating

Del

For over 15 år sidan hadde Elin Eika Bringa sommarjobb på ein sjukeheim. Tida var knapp, folka få. Erfaringa har inspirert romandebuten Snart er eg natt

– Om sjukeheimane ikkje skal vere anna enn dødens venteværelse, står vi i fare for å bli eit u-land på eldreomsorg. Og det før eldrebølga verkeleg skyt fart, seier Eika Bringa. 

Ho har sjølv opplevd det på kroppen. Å ikkje strekkje til i jobben på sjukeheimen. 

– Vi sprang få dobesøk til mating, frå eit gråtande andlet til ein utagerande neve. Men eg rakk aldri å sitje. Stryke dei rynkete hendene som heldt meg att, høyre på ei historie som verka etter å bli fortalt. Eg hadde ikkje tid til å sjå kven dei var og kven dei hadde vore, berre det dei hadde blitt. Aldrande deigar på samlebånd.

På dødens rand

I Snart er eg natt møtar vi Gonhild som snart fyller 100 år. Ein journalist frå lokalavisa skal intervjue henne, men samtalane tek uventa vendingar for dei begge. Journalisten ønsker seg ei hyggeleg sak, men må slåss for kvart bidige ord, mens Gonhild gjenopplever scener frå eit langt og uforsonleg liv. Spørsmål ho for lengst trudde seg ferdig med, meldar seg på ny. 

Snart er eg natt er ein levande roman frå dødens rand. Den handlar om forspilte sjansar, om å vere på utsida av si eiga historie mens åra renn forbi. Eika Bringa har skrive ein skarp og vittig forteljing om lengselen etter eit anna liv.

Om forfattaren

Elin Eika Bringa (f.1987) kjem frå Bø i Telemark. Ho er poet og har ein master i pedagogikk frå UiO. Snart er eg natt er hennar første roman.

Lansering er 26. april. Ta kontakt for anmeldareksemplar og intervju.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Snart er eg natt handlar om forspilte sjansar, om å vere på utsida av si eiga historie mens åra renn forbi. Det er også ei historie om einsemd og kjærleik.
Snart er eg natt handlar om forspilte sjansar, om å vere på utsida av si eiga historie mens åra renn forbi. Det er også ei historie om einsemd og kjærleik.
Last ned bilde
Elin Eika Bringa er aktuell med sin romandebut, Snart er eg natt. Lansering er 26. april. Foto: Christopher Helberg
Elin Eika Bringa er aktuell med sin romandebut, Snart er eg natt. Lansering er 26. april. Foto: Christopher Helberg
Last ned bilde
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye